UTBYGGING

IllustrasjonBrokkeNord4

Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk

Brokke Nord og Sør er eit reguleringsanlegg og byggherre er Otteraaens Brugseierforening. Otra Kraft er byggherre for Skarg kraftverk med inntaksdam i Sarvsfossen

Prosjektet starta opp april 2012, og anlegga skal vere i drift våren 2014.

Planane for Brokke Nord går ut på å føre Bjørnarå, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Bjorbekken og Stemtjørnbekken over til Sarvfoss gjennom ein 10,8 km lang tunnel. Den 50 m høge dam Sarvsfoss vil demme opp for inntaksmagasinet til Skarg kraftverk.

Kraftverket skal byggjast i austenden av Botsvatn, med den eksisterande overføringstunnelen som driftstunnel.

Utbygginga i Brokke Sør omfattar overføring av Bestelandså, Fjellskarå og Strendetjørnbekken via ein ny overføringstunnel på 7,8 km. Den nye overføringstunnelen skal så koplast på den eksisterande tilløpstunnel til Brokke kraftverk. Inntaket til tilløpstunnelen ligg ved Farå.

Utbygginga vil auke kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til rundt 9000 einebustader. Konsesjonssøknaden vart sendt i 1986 og konsesjon vart gjeven ved kongelig resolusjon datert 3. oktober 2003.

Forside WEB 2014

Last ned filBrosjyre Brokke Nord og Sør (2480kb)

 

Klikk her for å sjå nyaste brosjyra om prosjektet:
http://www.visbrosjyre.no/otrakraft/WebView/

Kommentarfeltet er stengt.