Fyrste Byggetrinn var utbygging av Brokke kraftverk. Andre byggetrinn var flytting av inntaket til Brokke frå Bykil til Botsvatn og eitt nytt aggregat i Brokke.

Tredje byggetrinn var bygging av Holen I og II. Det vart også bygt overføringar til Vatnedalen frå Lislevatn og Førsvatn. Breive pumpestasjon vart også bygdt som del av dette byggetrinnet.

Fjerde byggetrinn var bygging av Holen 3 og Skarje pumpestasjon.

Det femte og førebels siste byggetrinnet var bygging av Brokke Nord og sør. Her vart meir vatn henta inn til Brokke systemet via takrenneprinsippet som litt i bekkeinntak. I tillegg vart Skarg kraftvert bygd. Denne nyttar fallet frå dam Sarv til Botsvatn.

Otra Kraft DA er ein viktig arbeidsplass i øvre Setesdal og tilfører lokalsamfunnet midlar i form av arbeidsplassar, aktivitet og skatteinntekter.

Det er for tida 4 tilsette i Otra Kraft. Otra Kraft har ein operatøravtale med Agder Energi Vannkraft AS. Dei står for den daglege drifta, vedlikehald og reinvestering på anleggsmassen.