Varslingsanlegg Farå

Varslingsanlegg Farå

Otra Kraft installerer varslingsanlegg i Farå for å heve tryggleiken for brukarar av området. Installasjonen vil verte utført i veke 27-2017. I samband med installasjonen vil anlegget verte aktivert og ein vil høyre lyd frå anlegget. Når testperioden er over vil anlegget vere operativt.

Den fyrste tida etter driftsetjing vil anlegget verte testkøyrt og ein vil kunne oppleve at anlegget løyser/varsler ut feilaktige som fylgje av behovet for innstilling.

Heilt sidan inntaket på Farå vart etablert har det vore ein fare for plutseleg auka vassføring i elveløpet. Det er varsla med skilt i området. No ynskjer ein i tillegg å redusere risiko i området med aktiv varsling.

Det vil framleis vere risiko knytt til opphald i elveløpet. Det vil også vere risiko for at anlegget ikkje verkar etter føremålet. Ein må difor take førehandsreglar ved opphald i området.

 

 

Kommentarfeltet er stengt.