Ombygging av teknisk servicestasjon Brokke

Ombygging av teknisk servicestasjon Brokke

06.06.2014

Ny teknisk servicestasjon ved Brokke kraftverk.

Etter ein intern prosess i Otra Kraft og hjå operatøren Agder Energi Vannkraft har ein konkludert med stort behov for ny teknisk servicestasjon på Brokke. Nybygget er på ca. 145m2 og inneheld lagerrom, vaskehall og løftebukk for service av transportutstyr. Dette var ei kjærkomen investering med bakgrunn i tidlegare primitive tilhøve for reingjering av kraftstasjons- og transportutstyr. Det er også auka lagerkapasitet ved at det er montera reolar.

Bygget var ferdigstilt i desember 2013 men utvendige sluttarbeider som maling og asfaltering vart utført i mai 2014.

Planlegginga vart utført av Plankontoret Hallvard Homme AS. Bygget er oppført som totalentrepresise med VEF (Vennesla Entreprenørforretning) som entreprenør.

Byggeleiinga vart utført av operatøren Agder Energi Vannkraft.

Otra Kraft som byggherre er godt nøgd med resultatet.

Kommentarfeltet er stengt.